14

Jun

Nordiska forskarseminariet. Ragnhild Eik - Frå tre genus til to genus: bortfall av femininum i norsk

14 June 2023 13:15 to 15:00 Seminar

Overgangen frå eit trekjønnssystem (hankjønn, hokjønn, inkjekjønn) til eit tokjønnssystem (felleskjønn, inkjekjønn) er i stor grad gjennomført i svensk, dansk og nederlandsk, mens språk som islandsk og tysk framleis har eit solid trekjønnssystem. Norsk står ein mellomposisjon: fleire dialektar er akkurat no i ferd med å miste hokjønn og dermed gå over til eit tokjønnssystem. Så langt har fenomenet blitt undersøkt i Oslo, Tromsø og Trondheim (Lødrup 2011, Rodina og Westergaard 2015, Busterud et al. 2019), og eit viktig spørsmål er kor generell denne endringa er. I dette foredraget presenterer eg dei nyaste resultata frå eit større prosjekt som undersøker bortfall av hokjønn i dialektane i fleire norske byar og tettstader (GenVAC, https://www.ntnu.edu/genvac). Vi finn at den pågåande endringa skjer i ulik grad og med ulik hastigheit i dei dialektane vi har undersøkt. Samtidig finn vi teikn til endring i alle dei undersøkte dialektane. Dette indikerer at vi står midt i ein større og meir omfattande grammatisk endringsprosess. Ved å undersøke den norske endringa mens ho skjer, får vi også eit unikt vindauge inn i korleis slike grammatiske språkendringar kan gå føre seg meir generelt.

About the event:

14 June 2023 13:15 to 15:00

Location:
SOL L303a

Contact:
sanna.skarlundnordlund.luse

Save the event to your calendar